Rommet var tydeleg fuktig og lukta mugg, pÄ badet var det lause fliser pÄ golvet. NÄr ein trakka pÄ flisene bobla vatnet opp etter ein har dusja. Veit ikkje om andre rom har like dÄrleg standard, dette var i kjellaretasjen, einerom, og bÞr ikkje brukast. Har gitt beskjed til personalet. Dessverre ogsÄ skuffa over frukosten. Spesielt dÄrlig kaffi, som ikkje smakte kaffi i det heile tatt. Vi gav beskjed to gonger til personalet, men ingen endring, heller ikkje neste morgon. Ser pÄ tidlegare anmeldelsar at dette er blitt kommentert fleire gonger. Ellers greit med enkel frukost, men dÄ viktig at det er godt det som er der, og at personalet passer pÄ Ä fylle pÄ nÄr det er tomt. Dette blei ikkje gjort og vi mÄtte stadig spÞrje. Kokte egg skal heller ikkje vere kalde og grÞnne, noko eg ser ogsÄ er blitt kommentert tidlegare. Positivt med ein fantastisk beliggenheit ved fjorden!